Vi ønskjer fleire i kommunen vår og dersom du byggjer her veit du at du er velkomen!
Ute av byen, men ganske nær
Vindafjord ligg midt mellom Bergen og Stavanger - og med kort veg til Haugesund, som er næraste by. Ved å bu i Vindafjord er du borte fra mas og jag i byen, samtidig som det er kort veg når du vil til ein av byane.
Ønskjer du å kjenne på det urbane livet innimellom er det kort veg til fleire byar. Ønskjer du å slappe av på fjellet med slalomski på beina? En kort kjøretur unna så er du fremme.
Kjøreavstander byer
Haugesund - ca. 40 minutt.
Bergen - 3 timer.
Stavanger - 2 timer.
Kjøreavstander til fjellområder med skisenter og hytter
Røldal - 1 time
Haukelifjell - 2 timer
Hovden - 3 timer
Rauland - 3 timer
Levande bygder
Eit yrande engasjement blant store og små. Idrett, kunst, kultur, festivalar, kyrkjer og bedehus. Her finn ein noko for ein kvar.
Hjelp og rådgivning når du etablerer deg
Byggesøknader går som ein draum i Vindafjord. Vindafjord Tomteselskap, kommunen, bank, byggefirma m.fl. står klare til å hjelpe dykk i gang.
Frie tomter i alle bygder
I alle bydene i Vindafjord har vi ledige tomter. Vikedal, Sandeid, Ølen, Ølensvåg, Vats, Bjoa, Vikebygd og Skjold. Tomtene er frie - du kan velge kva du vil byggje, kven som skal byggje og når du vil byggje.
Tomter og hus til rett pris
Tomtene våre har fornuftige prisar som gjer det enkelt å etablere seg i kommunen. Medan du i byane gjerne må betale store summar for ei lita leilighet, kan du i Vindafjord få ein flott enebolig med hage til same pris.